Skip to content

Med høgnorsk som våpen

februar 18, 2017

olav-torheim-front

Bredden i det norske landskapet av dissidenter og kontrære er i vekst, fra venstrenasjonalisten Trond Andresen til de infantile trollene i Kokohøyre. Trump, Brexit og fremveksten av ytre-høyre i Europa vil utvilsomt prege det politiske landskapet i årene som kommer.

En av stemmene som skiller seg ut her til lands er Olav Torheim. Med en doktorgrad i fysikk kan han ikke uten videre avskrives som en med begrensede kognitive evner. Jeg tok en prat med høgnorsk-forkjemperen for å forstå hans ståsted.

– Eg voks upp på Landås i Bergen og vart tvospråkleg: Nordfjordmål heime og bergensmål ute på gata. Jamvel som liten hadde eg ei fyrestelling um at det var nordfjordmålet som var det ekte, autentiske og reine. Det var det som var meg – medan det bergenske var noko eg måtte ta på meg som ei maske når eg var ute millom andre born, skriver han per epost.

fjorder– Eg nytta fyrste høve til å kasta av meg bergensdialekten då foreldri mine flutte til Volda. So alt fyre eg var byrja på skule var eg vorten målmedviten. Eg las flestalle bøkene i serien til Norsk Barneblads Forlag – og soleides fekk eg lesa dei gamle klassikarane på nynorsk, som til dømes bøkene åt Jules Verne.

Både på barneskulen og på ungdomsskulen so freista eg skriva so konservativ nynorsk som råd er – men eg hadde nokre mentale sperror enno, eg trudde eg laut halda meg innanfor det som var «lov» og at ein ikkje kunde gå for langt.

– Fyrst då eg som 17-åring kom yver bladet Vestmannen, so forstod eg at det faktisk var mogleg å taka steget fullt ut og skriva reint Aasen-mål. Vestmannen hadde ei lang lista yver ymse slags høgnorsktiltak, og eg slo nummeret til den unge formannen i Vestlandske Mållag, Lars Bjarne Marøy. Det var byrjingi på eit engasjement for høgnorsken som no er inne i det tjuande året.

Tidsskriftet Maalmannen

I arbeidet med å spre høgnorsk har han, sammen med andre entusiaster, etablert et dedikert tidsskrift for denne særegne dialekten.

ivar-aasen2Målmannen vart skipa i 2002, etter at ei gruppa høgnorskungdomar hadde tapt striden i Vestmannalaget um bladet Vestmannen. Medan Vestmannalaget hadde forfalle til å vera ein nostalgisk koseklubb for pensjonistar, so ynskte me å få høgnorsksaki attende på den offentlege dagsetelen. Då trong me eit målpolitisk organ, og slik såg Målmannen dagsens ljos.

– Me byrja som eit reinodla språk- og kulturtidskrift, men er sidan vortne meir politiske. Jamvel um den raude tråden i Målmannen framleis er vern um norsk mål og kultur, so tykte me ikkje det kunde stogga der.

– Den kulturelle og nasjonale utvatningi i våre dagar er berre ein konsekvens av det nyliberale systemet me liver under. So i dei seinaste 10 åri hev me havt ei litt meir radikal tilnærming til målstrevet.

Den tredje vei

I et stadig mer fragmentert politisk landskap er den politiske bevegelsen, den tredje vei, et naturlig valg for den språkbevisste unge mannen.

– Ein nasjonalisme som ikkje er sosial, det vert berre eit verkty til å manipulera folk. Og ein sosialisme som ikkje er nasjonal, han kjenner ingen grensor og er difor ikkje i stand til å løysa uppgåvone sine. Nasjonal og sosial er ord som kann skapa til assosiasjonar til eit myrkt kapittel i soga, men so lenge nasjonen er for eit folkehopehav å rekna, so er det klårt at nasjonen hev ein sosial dimensjon òg.

– Her til lands hev FrP skapt ein falsk dikotomi der ein ikkje kann vera innvandringskritisk utan at ein samstundes er økonomisk liberal og proamerikansk. Det var ein periode då eg beit på dette, eg òg. Men under studietidi mi i Frankrike so tok eg til å interessera meg for ideane åt det franske nye høgre, og det opna nye perspektiv.

consumer-society– I dagsens rotlause forbrukarsamfund so er det slik at ein ikkje lenger treng menneski ikring seg. Pengar fær ein frå arbeidsgjevaren sin og alt det andre kann ein kjøpa seg. Men um ein fell utanfor dette systemet so er ein ikkje til nytte for nokon lenger. Der ein før hadde grannar og storfamilie som kunde trø stydjande til um ein fekk problem, so idest dei falske venene og kontaktane dine knapt å møta deg til ei øl um du ikkje lenger er til nytte i «nettverksbyggjingi» deira. Utan det råmeverket som nasjonen gjev oss so er me alle isolerte manipulasjonsobjekt som kanskje sjølve trur me er frie – men der til dømes «big data» syner at me til sjuande og sist handlar som ein einaste stor saudeflokk.

– Um me skal få nasjonen på føtene att, då må me byrja med nett det sosiale. Skapa solidariske strukturar der vanlege folk atter kann finna sin plass. Og då talar eg um strukturar tufta på blodsband, venskap og sams verdsåskodande fyrestellingar – ikkje eit andletslaust NAV-system der kassa ein dag er tom.

Når det er sagt, so trur eg ikkje noko på at «nasjonalisme i eitt land» er mogleg. Difor er eg for både ein nordisk og ein europeisk einskap, men det må vera ein organisk einskap og ikkje ein nivellerande og einsrettande einskap – slik EU-systemet er det i dag.

– Dessutan so hev norsk «nasjonalisme» havt tvo andlet: På den eine sida hev ein havt motkulturane som hev stade for desentralisering og kulturmangfelde, og på den andre sida hev ein havt kulturen åt den gamle embetsmannsstaten, der dansk-norsk mål og kulturen åt ein penge- og ressurssterk minoritet skulde trykkjast ut yver heile Noreg.

– Det hev vore ein einsrettande statsnasjonalisme som både hev øydd lokal kultur og som hev skapt kunstige skilje mot både Island og Sverike. Men det kann ikkje vera slik at det lokale skal stå i motstrid til det nasjonale. For meg er det det lokale og det europeiske som er det viktugaste, og soleides hev eg mange av dei same ideane som franske Alain de Benoist og italienske Gabriele Adinolfi hev kasta fram.

Politiske forbilder

adinolfi– Gabriele Adinolfi hev eg nyss nemnt. Han hev vore både aktivist, ideolog og inspirator for nasjonalistar. Han byrja som kompromisslaus aktivist – og kjempa for ein tridje europeisk posisjon – mot både kapitalisme (USA) og kommunisme (Sovjetunionen). Når denne tidi var forbi so nytta han røynslone og kunnskapen sin til å etablera seg som politisk og ideologisk tenkjar. Ein mann som byrjar verta gamal i kroppen no, men som framleis er like ung i sinnet. Det same kunde ein ha sagt um Dominique Venner (RIP). Ein gløymer ofte at dei største tenkjarane og ideologane var folk som faktisk hadde kjent og røynt kamp og strid på kroppen. Dei rette tankane kjem ikkje frå lause lufti.

Bakgrunn fra både høyre- og venstresiden

– Eg hev vore innum mange ulike politiske rørslor og organisasjonar, både til høgre og vinstre, men eg tenkjer at eg hev alltid havt hjarta på den same staden. Det var til dømes aldri noko tidspunkt der eg lurte på um eg skulde gå i militæret eller taka siviltenesta, det var klårt for meg heilt frå at eg var liten gut at militærstenesta var noko eg berre skulde eg gjera.

– Militærnektarar såg eg nær sagt på som landssvikarar då eg var liten. Eg vart svært tidleg politisk interessert og såg på Dagsrevyen kvar dag frå eg var seksåring. Eg tilbringa alle sumrane mine i Ytre Nordfjord der foreldri mine er frå. Der hadde eg tallause diskusjonar med morfar min som var både fiskar, skogsarbeidar og saudebonde. Eg fekk det svært tidlegt innprenta at EF-medlemskap var eit trugsmål mot Noreg. Morfar min var gamal sjømann og hadde vore langt inne i «svartaste Afrika» med tankbåt. Men endå so stor interessa hans var for andre kulturar og folk, so var han klår på at Noreg skulde vera norsk og at ikkje-vestleg masseinnvandring var ein uting.

blood-and-soil– Når eg vart eldre so las eg mange politiske og ideologiske bøker for å kunna grunngje kvifor eg hadde dei meiningane som eg hadde, men når ein ser på standpunkti mine i konkrete saker som hev vore viktuge for meg, so hev ikkje desse endra seg stort. Soleides trur eg at den grunnleggjande verdsåskodingi mi må ha forma seg tidleg, og det er vel «blod og jord» som er stikkordet der.

– Eg hadde ein periode i slutten av tenåri og byrjingi av 20-åri der eg var med i Raud Valallianse og ML-gruppa Revolusjon. Men den gongen med var det det nasjonale som tiltala meg: Dei vilde ha eit sjølvstendig sosialistisk Noreg, lausrive frå både NATO og EU. Dei prioriterte Målungdomen som ein av frontorganisasjonane sine. Dei solidariserte seg med den kampen som andre folk førde for nasjonalt sjølvstende, til dømes i Kurdistan og Nord-Irland.

Heile den leninistiske ideen um å skapa eit kader-parti som førde folkemassen fram til revolusjon var noko som fascinerte meg. Samstundes var det mykje som eg aldri kjøpte. Til dømes so var dei heilt på jordet i innvandrings- og verdispursmål. Serskilt synet deira på innvandring fekk eg langt upp i halsen: I staden for å arbeida for betre vilkår for norske arbeidsfolk, so legg ein til rettes for å importera ein ny underklasse.

– I staden for ein sosialstat basert på solidaritet, so skal me godtaka at folk frå alle verdsens kantar skal få nytta seg av våre velferdsordningar av di me sjølve liksom hev det so altfor bra… Og den fagre ideen um å skapa ei eliterørsla framstod meir og meir som rein valdsromantikk når det endelege målet likevel ikkje skulde vera noko anna enn å skapa eit egalitært samfund.

– Men det siste spelar i grunnen ingi rolla: Etter at mangkulturalismen deira hev dekonstruert heile det råmeverket som det norske folket treng for å kunna reisa seg kollektivt, so er revolusjon berre gløyma. Det enda difor med at eg vende marxismen-leninismen ryggen. Men ikkje for å verta mindre radikal, snarare tvert imot.

Henter inspirasjon fra esoterisk tradisjon

– Kanskje det vil yverraska sume, men det esoteriske og religiøse spelar faktisk ei svært liti rolla for meg. Jamvel um eg las heile Bibelen frå perm til perm som sjuåring, so hev eg alltid vore ein jordnær person. Nasjonalismen er ein handgripeleg ide, ein doktrine som gjeng ut på å setja sitt eige folk fyrst. Ein kann vera norsk og nasjonalist anten ein er kristen, ateist eller nyheidensk. Um ein til dømes ser til Frankrike, so stend både katolske Civitas og nyheidenske Terre et Peuple saman um å verna europeisk identitet.

rene-guenon

– Eg hev havt stort utbyte av å læra og fordjupa meg i ideane og forskingi åt Frode Jens Strømnes. Han kunde ettervisa at ulike språk svara til ulike fyrestellingsverder, ulike måtar å sjå og forstå verdi på. Det som var so hugtakande for meg var nett det at Strømnes med dette kunde slå fast at nasjonalisme og målsak var meir enn svermeri.

– Det høyrer med til den tyske romantikken frå Herder og Fichte si tid at kvart eit språk svara til ei viss «folkeånd». Endå um desse romantiske tankane i moderne tid er vortne avvist som nett romantikk, so kunde Strømnes ettervisa at dei svara til ein heilt handfast røyndom som ein kunde finna fram til med vitskaplege og eksperimentelle metodar.

– Når det er sagt, so hev eg sansen for den integrale tradisjonalismen åt Rene Guenon. Um ein legg Guenon sine tankar til grunn, so kann ein ikkje kalla oss som strir for nedervd tradisjon og kultur for reaksjonære. Tvert imot, me er revolusjonære – med di me vil restrukturera samfundet etter idear som er evige.

Ideane som tradisjonen målber kann kanskje verta dimma ned for ei tid, men dei vert aldri burte.

– Tradisjonalismen gjer det dessutan mogleg å stø og forstå den kampen som andre folk på jordi fører i møte med den einsrettande moderniteten – dei er alle ulike uttrykk for den same ævelege Tradisjonen med stor T. Til dømes hev eg havt stort utbyte av å lesa bøkene åt den afrikanske nasjonalisten Kemi Seba.

– Her kann ein draga ein parallell til vårt eige norske målstrev: Den integrale tradisjonen er for dei ulike kulturane og religionane det same som høgnorsken er for dei norske dialektane. Høgnorsken fanst jamvel før Ivar Aasen si tid, med di han målber og berrlegg den underliggjande strukturen i alle dei norske målføri. Jamvel fyre nokon visste um honom eller hadde gjeve honom eit namn, so var han der.

– Det norrøne er vårt nedervde uttrykk for den universelle tradisjonen, um eg skal halda fram å nytta meg av Guenon. Jamvel moderne menneske kann fordjupa seg i det norrøne og nytta dette tilfanget til å utforska nye sidor ved seg sjølv. Soleides hev eg tru på ei revitalisering av den norrøne tradisjonen. Nett som indarane hev sanskrit og italienarane hev latin, so er me nordbuane millom dei fåe folki i verdi som hev vår eigen klassiske språk- og skrifttradisjon. Det er ikkje so altfor lenge sidan me hadde landsgymnas på Voss med norrønalina, og det er det på høg tid å få attende.

Et politisk landskap i endring

– Samfundet vert meir og meir individualisert, men stødt fleire vaknar upp og ser at det er dette dei ikkje ynskjer. Innvandringi til Noreg er rekordstor, og Noreg vert sosialt og demografisk umdana i rasande fart. Eg hev tala med mange ungdomar både i Noreg og Europa som hev vokse upp som dei einaste norske eller europeiske i klassen. Dei hev sett mangkulturen si myrke baksida og vil ikkje ha det.

mulitculti2– Dei hev sett at i det liberale samfundet er det berre me som tilhøyrer «majoritetskulturen» (kor lenge enno?) som brått ikkje hev nokon stad å høyra til lenger. Sams for dei er at dei kjenner på eit sakn, og det er ikkje eit reaksjonært sakn etter Noreg slik det var då slike som oss voks upp på åtti-talet – for eit slikt Noreg hev dei aldri upplevd.

– Eit norskt Noreg er for desse ungdomane snarare ein myte som dei vil vekkja til nytt liv. Soleides vert heile den norske soga, frå Harald Hårfagre til Einar Gerhardsen, ei kraftkjelda som me kann ausa or.

– Noreg stend dimed ved eit vegskilje, og utfallet er ikkje gjeve. Ein kann tenkja seg at den sosiale tilskeivingi fører til at nordmenner vaknar upp og tek til å verta meir solidariske. Eller ein kann tenkja seg at det berre held fram som i USA, der dei som er ressurssterke tenkjer at det beste er å tegja stilt av umsyn til arbeid og umdøme, og der dei i staden nyttar pengane frå det godt betala arbeidet sitt til å flytja ut i eit framleis norskt grannelag. So er det dei arme og utslegne som vert sitjande att åleine i sosiale brennpunkt, og der det berre vert fordømt som hat og rasisme når desse syng ut med det nebbet dei hev.

Den norske «vinstresida» av i dag er heilt på lina med USA-imperialismen og den globale kapitalismen. Soleides hev dei parkert seg sjølv som ei politisk kraft. Dei einaste som byd globalismen motstand er nasjonalistane, og dette er det stødt fleire som forstår – jamvel langt ute på ytste vinstre fløy.

Tanker om idealsamfunnet

  • Eit fritt Noreg i eit fritt Europa. Nynorsk kjem framleis til å vera sidemål for dei fleste, men berre av di det er høgnorsk skal vera hovudmålet for alle. Me skal atterreisa ein kultur i ordet sin rette forstand. Det heiter at me vil dyrka fram det sterke og vene, det sunne og gode – i staden for å hjelpa fram alle slags nedbrytande tendensar i namnet åt «mangfeldet».
  • Det skal atter vera mogleg for ein familie å liva av ei inntekt, og staten kann helder premiera familiar for å få born – framfor å ausa ut milliardar av kronor på ei masseinnvandring som det vert påstått at me «treng».
  • Arbeidsdagen er redusert til seks timar: Dugnadsinnsats og hjelp frå familie og vener gjer det mogleg for folk å bruka mindre pengar, og soleides treng dei helder ikkje å arbeida so mykje.
  • Folk hev samanhengar og strukturar dei kann gå inn i for å verta politiske aktørar i kvardagen – framfor å putta ein valsetel i ei urna kvart fjorde år.
  • Noreg er kløyvt upp i sjølvstendige regionar med umfemnande lokalt sjølvstyre, og samstundes hev Noreg sams forsvars- og utanrikspolitikk med Sverike. Kampfly kjøper me frå svenskane og ikkje frå amerikanarane.
  • Europa er ei sjølvstendig blokk i verdi, der korkje USA eller Russland hev meir dei skulde ha sagt enn det me gjev dei lov til.
  • Soros, Merkel og Solberg deler den same flotte utsikti yver Nord-Atlanteren, sett frå Bjørnøya.

Se også intervjuet med Torheim på Red Ice Creations:

 

Advertisements

From → Politikk

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: