Skip to content

Robotane tek makta

august 27, 2010

UPDATE: «SEC may set limits with final flash-crash report» fra MarketWatch.

UPDATE: Les flere intervjuer med sentrale aktører innen HFT i High Frequency Trading Review.

UPDATE: «Oslo Børs advarte mot robothandel» fra Dagens Næringsliv.

Mistanken om at dei store finanshusa brukar den overlegne datakrafta si til ulike former for manipulasjon, har blitt stadig sterkare i USA det siste året. Manipulasjonen kan til dømes utførast ved å leggje inn og fjerne ordrar på brøkdelen av eit sekund for å teste ut eller forvirre andre spekulantar. Verre: Dei store aktørane har òg truleg hatt høve til å snike i ordrekøen på børsen, takka vere farten til datamaskinene deira.

Ingen veit sikkert kor stor del av aksjehandelen i USA lynhandelen utgjer, men overslaga varierer frå kring halvparten til 60 prosent – trass i at det er berre eit lite mindretal av børsaktørane som har tilgang til den avanserte teknologien som krevst. For desse få er vinstane svært store. The New York Times viser til ein studie frå Tabb Group, som anslår at dei store spelarane sopa inn kring 21 milliardar dollar på lynhandel i 2008.

Oslo er med
Noreg heng så langt eit stykke etter USA. Men robotane er i rask frammarsj også på Oslo Børs, og high frequency trading (HFT) er tilgjengeleg også her. Innføringa av eit nytt handelssystem ved Oslo Børs i år har fått den såkalla latenstida, tida det tek å få plassert ein ordre, ned i tre tusendelar av eit sekund. Det er raskt. Men det er likevel nesten tjue gonger så lang tid som ved den amerikanske Nasdaq-børsen, som treng under to milliondelars sekund på å få gjennom ordren.

Jeg takker selgern til Dag og Tid på Youngstorget for prøveutgaven av ukens avis – les resten av «Robotane tek makta«. Se historien til algorithmic trading fra Wikipedia.

From → Økonomi, Teknologi

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: