Skip to content

Asylsøkere, et logistikkproblem?

juli 20, 2009

Samtidig spiser nye barnehager grøntareal
tilsvarende 40 fotballbaner, ANB/NTB

Dag og Tid intervjuer Per-Willy Amundsen, innvandringspolitisk talsmann i Frp:

– Du hevdar norsk asylpolitikk er utanfor kontroll. Kvifor?
– Me set alle rekordar i asylvekst, og me er mellom landa i verda som tek imot flest asylsøkjarar per innbyggjar. I fjor kom det 14.400 asylsøkjarar til Noreg, og i år ligg det an til at me nærmar oss 20.000, trass i at den raudgrøne regjeringa liksom har strama inn norsk asylpolitikk.
– «Liksom»?
– Eg seier «liksom», for det har ikkje vore reelle innstramingar. Tvert om, talet på asylsøkjarar har auka kraftig. Berre fram til fyrste halvår i år har auken vore kring 50 prosent jamført med same tid i fjor. Dette blir eit logistikkproblem for UDI. Fyrstkomande måndag opnar dei teltleir i Lier, for andre året på rad, og det er jamvel tale om å plassera asylsøkjarar på båtar. Det har me gjort før, med lite heldig resultat. Me har rett og slett ikkje plass til dei.
– Ser me på landa rundt oss, kjem det heile i perspektiv. Me tek inn ti gonger så mange asylsøkjarar som Danmark, til dømes. Europa har strama inn sin asylpolitikk, dette for å hindra det eg kallar «lukkejegerar» som ynskjer å misbruka asylinstituttet. Noreg har gått motsett veg – dei raudgrøne har liberalisert. Difor får me ein for stor del av dei som søkjer asyl i Europa.
– For å bøta på det du kallar eit logistikkproblem, vil de no senda asylsøkjarane til Afrika. Korleis ser du føre deg at dette skal gjennomførast reint praktisk?
– Eg ser føre meg at folk på vanleg måte søkjer asyl på norsk territorium. Dei blir så flogne til eit heilt greitt mottak i Tanzania, til dømes, under gode og trygge tilhøve, fram til asylsøknaden er ferdig handsama. Etter det blir ein anten send attende til opphavslandet – det blir dei fleste i dagens politikk –, eller ein får opphald i Noreg.
– Noreg skal stå ansvarleg for mottaka. Sjølvsagt, personane har jo søkt asyl i Noreg.

Les videre på Dag og Tid.

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: